Skip to content
×
×
RamBase februar 5, 2024 3 min read

Fremjar lokaldemokratiet kvalitet i offentlege tenester?

Fremjar lokaldemokratiet kvalitet i offentlege tenester?

Det er snart tid for kommuneval, og det blir snakka og skrive mykje om kor viktig lokaldemokratiet er for utviklinga av samfunna. Nå ein stadig les, ser, høyrer om eller opplever ulik kvalitet i offentlege tenester, kan ein i blant undre seg over om dette er eit godt styringsprinsipp på alle område?

Lokaldemokratiet står sterkt i dette landet. Derfor er sentralt lovverk ofte formulert på ein måte som gir rom for, og krev, at kvar kommune må tolka og oversetja lovane. Dei må sjølv finne sin standard for kvalitet.

Gir dette tryggleik for at brukarane av tenestane i kvar kommune får det beste tilbodet? Eller er det slik at det faktisk kan bli eit demokratisk problem at det ofte er opp til kvar kommune og tilsett å definera kvalitet?

Eit demokratisk problem

Kva om Per i x kommune ikkje får hjelp med sine lese- og skrivevanskar, medan Pål i x kommune får tett oppfølging frå vanskane blir oppdaga? Eller at Saed frå Eritrea får ei god og tilpassa språkopplæring i sin kommune, medan Mehari i sin kommune knapt nok får eit tilbod?

Det vil vera eit demokratisk problem i nåtid, fordi Per og Pål, Saed og Mehari som brukarar av eit offentleg velferdstilbod ikkje får same hjelp. I eit meir langsiktig perspektiv vil det vera eit endå større problem. Per og Mehari vil kunne ha vanskar med å involvera seg i utviklinga av eit demokratisk samfunn, medan Pål og Saed vil kunne spela ei sentral rolle i dette arbeidet.

Staten har oppdaga desse skilnadane i kvalitet mellom kommunane og innfører stadig fleire og meir presise lovar og reguleringar, som dei følgjer opp med tilsyn.

Regelverk i praksis

Det er ofte ei utfordring for kommunane å handtera regelverket i praksis. Dette kjem gjerne til uttrykk ved at ein kan finne ulik kvalitet på same tilbod innanfor ein og same kommune, ja like ofte innanfor kvar eining. Når handteringa av regelverket ikkje er avklart, blir det gjerne kvar tilsett sitt ansvar å møta dette etter beste evne. At kvaliteten på tilbodet ein får kan avhenge av personen ein møter, kan ikkje vera tilfredsstillande verken for brukaren eller den tilsette.

Ved å innføra standardar som definerer kva som skal kjenneteikna kvalitet i dei ulike tilboda, vil det bli meir avklara både for tilsette og brukarar kva dei ulike tilbod inneber. Desse må bli utarbeidd etter grundige prosessar som involverer tilsette og brukarar, og dei må forankrast hos øvste administrative og politiske leiing i kvar kommune. Det må vera standardar som heile tida blir forbetra ved at dei tilsette og brukarar får koma med innspel. Slik kan forventningar bli avklara og tillit bygd.

Ein standard må både vera i tråd med regelverket, og med kva som er muleg å gjennomføra i praksis. Derfor må ein sjå på arbeidsmåtar, organisering, struktur og økonomi, og om desse faktorane er tilpassa ønska standard.

Det vil vera omtrent umuleg å driva lokalpolitikk om ein ikkje kjenner til kvaliteten på blant anna tenestetilbodet til kommunen. Ein må vita kvar ein er, for å vita kvar ein skal. Politikarar stiller til val fordi dei ønskjer å forbetra kvaliteten på utvalde område, eller for å bevara det dei ser som truga beståande kvalitetar ved eit samfunn.

Om sikring av ei kvalitativ god helseteneste for barn og unge står i partiprogrammet, må ein forventa at politikarane kjenner til dagens kvalitet på dette tilbodet. Dei må også kunne vera klare på kva prioriteringar og val dei vil gjera for å betra denne. Overlet dei dette til administrasjonen, er det ikkje politikarane som styrer. Følgeleg er det heller ikkje lokaldemokrati. Administrasjonen er som kjend ikkje på val.

Skal lokaldemokratiet fremja kvalitet i tenestene, må dei folkevalde vera tett på forbetringsarbeidet. Dei må gjera sine prioriteringar som sikrar kvalitet på dei områda dei lova i valkampen. Då er det om å gjera å ikkje ha lova for mykje….

Me heier på dei som tar på seg oppdraget med å leia og styra utviklinga av dei ulike lokalsamfunn, og ønskjer lykke til.

Godt val!

KOMMENTARER