Skip to content
×
×
RamBase februar 5, 2024 2 min read

Tjuven, tjuven skal du heite

Robbery

I desse tider er jakta på tidstjuvar ein jobb som tek mykje tid (!) for mange tilsette.

Det er oppretta diverse utval som skal sjå på kva som stel tid frå folk i praksisfeltet, og det er sett i gong fleire prosjekt som har til føremål å retta opp att det som er feil.  Bak ei slik tilnærming ligg gjerne ei haldning om at tjuven er ein person eller etat utanfor ein sjølv, og at nokon andre må fakka tjuven og uskadeleggjer han.

Men, kva om det er slik at kvar og ein organisasjon og tilsett er sin eigen største tidstjuv? Denne problemformuleringa tek også lærar Ane Krogsæter Aarre fram i sin velskrivne kronikk  Kven er tidstjuvane? Det er modig gjort å utfordra sin eigen bransje på dette viset, og kanskje ho med dette kan fremja ei ny tilnærming til korleis sektoren kan løysa sine utfordringar?

 

«Nød lærer naken kvinne å spinne»

På somme område er dei mest effektive yrkesutøvarane eg kjenner nettopp lærarar ved barneskulens første årstrinn. Og ja, desse er ofte kvinner! Når ein er åleine med 20 elevar i alderen 6-8 år er ein nøydd til å finne metodar som handlar om å unngå kaos. Dei dyktigaste av desse lærarane veit at det er viktig å tenka gjennom alle mulege situasjonar på førehand. Risikoanalyse eller Sikker Jobb Analyse (SJA) – om du vil –  og setja inn tiltak der dei meiner det ligg eit kaos-utløysande potensiale. Det kan til dømes handla om å vera på plass i klasserommet før elevane, ha namn på alle papir som blir delt ut, naudsynt læremateriell på ein bestemt plass, eller å gi elevane fast plass i rekkja i alle oppstillingar og køar. Slik får dei kontroll på potensielle tidstjuvar, og kan bruke tida saman med elevane på det som er føremålet til skulen og læraren: Mest muleg tid til læring for kvar elev.

Å få kontroll på slike ytre faktorar for å auka produksjonen/utbyttet, er viktig. Somme område er opplagte, og nauda gjer at kvar og ein finn gode tiltak. På andre område er det ikkje like opplagt, fordi konsekvensane av handlingane ikkje er synlege der og då. Dei har ikkje eit kaos-potensiale i seg, men er likevel negative og øydeleggjande for å sikra eit optimalt læringsutbytte over tid.

 

 Frå kaos til kontroll

Med høgare fokus på resultatmålingar og forskning er det vist at arbeid og arbeid ikkje er det same. I dei fleste yrke finnes det mange måtar å løysa oppdraget på. Ved hjelp av forsking og målingar kan ein sjå at somme metodar gir betre kvalitet enn andre.

Betre og meir effektive måtar å utføra arbeidet på kan vera vanskeleg å få auga på sjølv i eigen travel  kvardag. Det er også sjeldan ein tar seg tid til å leita etter verktøy og arbeidsmetodar som kan forenkla og forbetra arbeidet. Ein har gjerne ikkje tankar om at dette finns innan eige fag og verksemd.

Skal ein fakke tidstjuvane i eigen organisasjon og på eige fagområde, må ein først bli samde om at ein har tidstjuvar. Ein må kartleggja og definera: Korleis ser våre tidstjuvar ut? Kor mykje stel dei? Kor stel dei mest? Kor er dei lettast å fanga? Dette kan vera starten på ein prosess som gir verksemda og kvar einskild betre kontroll over eigne tidstjuvar.

Vår erfaring tilseier at det er ofte berre små endringar som skal til for at bortkasta tid blir gjort om til nyttig og verdiskapande tid.

KOMMENTARER