Som før eller nytt?
Som før eller nytt?
Etter late, lange og ladande dagar med fokus på å nyta vér, samvær og fråvær skal seletøyet på igjen. Sommaren er over.
Alle skal attende til noko. Attende til jobb, til skule, til kvardag. Me startar ein ny runde i krinslaupet.
«Det er godt å komma i gong igjen» kvitrar dei fleste me snakkar med, «borte bra, men heime best» seier me i kor.
Me setter pris på det kjente, det føreseielege og stabile. Kanskje er me i Ryfylke ekstra glade i det som står seg og held seg uendra?
Hurtigbåtruter som lovar det same som i fjor, trufaste ferjer og fabrikkpiper som framleis tøffar og ryk. Kjente fjes på butikken, i gata, på jobben og i skulegarden. Alt fortel oss at me også denne hausten er klar for en ny, trygg runde i Ryfylke.
Me er gode på å gå på igjen i Ryfylke. Me er flinke til å venda «buddå».
Men korleis er me på endringar?
Haust er høgtid for endringar, om me vil eller ikkje.
Det på hausten me gjer jobbskifte eller landar etter ei flytting. Ungane byrjar i nytt klassetrinn på skulen, eller dei skifter skuleslag. Familiar endrar seg når ungdommane forlét redet for å bli lærlingar eller studentar. Store og små, meir eller mindre naturlege endringar som gjer at kvardagen ikkje er helt den same som før sommaren.
Men ikkje alle får ein haust med klump i halsen eller sommarfuglar i magen skapt av naturlege endringar. Sidan hausten er høgtid for endringar tek me saka i eigne hender og skapar ei styrt endring.
Hausten er høgtid for å pussa opp og fornya seg. Nå skal me mala og tapetsera, skifta kjøkken og byggja på eller ut. Me kjøper nye sofagrupper, lenestolar og spisebord. Til og med ei pyntepute eller eit sett gardiner står for ein liten, men naudsynt endring. Det er nå me sig mot treningssenter og sjølhjelpskurs for å starte omskaping av kropp og sinn.
Me kan trygt å slå fast at nokon endringar vil me ha. Dei er naudsynte for trivsel og velvære.
Hausten er også tid for dei verkeleg store endringane. Kvart anna år er det valår og endrings-hausten toppar seg. Det gjer han i år. Me skal gå til val. Alle lovar endringar. Nokon lover store, andre lovar små. Nokon lovar stø kurs, andre lovar ny.
Av og til må me ta stilling til kva type endringar me vil ha. Dei er naudsynte for demokrati og fridom.
Desse haustendringane trur eg me er like gode på i Ryfylke som i resten av landet.
Men det er vanskelegare med dei store endringane. Dei som ikkje er like føreseielege eller går i krinslaup. Dei som ikkje er naudsynte for verken trivsel eller demokrati, men som like fullt melder seg som både medvind og brottsjø.
Dei første salvene i Ryfastprosjektet er skotne. Dei varslar med brask og bram enorme endringar i det Ryfylke som ligg nærast Stavanger. Endringsvarsla handlar om å handtere vekst – Korleis skal ytre Ryfylke handtera og styra veksten som kjem?
I andre enden av Ryfylke sit Sauda med nyslegen status som omstillingskommune. Hausten er startskot for arbeidet. Endringsvarsla handlar også her om vekst, men ikkje om å handtere vekst. Den korte turen gjennom Ryfylke snur opp ned på utfordringa; Korleis skal indre Ryfylke skapa vekst?
Det vert meldt om store endringsbølgjer i Ryfylke denne hausten.
De store endringane vedkjem oss alle. Dei truar kanskje Ryfylke-krinslaupet vårt? Ferjer vil forsvinna og båtruter vert endra. Kanskje får me ei rekkje nye naboar eller kollegaer på jobben. Kanskje får me ei ny utsikt frå kjøkkenvindauga eller me kjenner ikkje lenger alle me møter på butikken og i gata. Me må kanskje stilla om å endra noko grunnleggjande i vår eigen kvardag? På jobben? I nabolaget? I fritida?
Det kan bli mykje nytt på ein gong.
Endringane vil krevja noko av oss. For å handtera vekst eller skapa vekst må me engasjera kvarandre. Me må alle medverka til å skapa gode føresetnader for endringane. Då må me ta del i diskusjonar, avgjersleprosessar og setja i verk tiltak når vala er gjort.
Me får endringar av beste sort når innbyggarane mønstrar på som premissleverandørar, medspelarar og partnarar.
Med så store endringsbølgjer i Ryfylke må det mobiliserast til deltaking. Me må reisa spørsmål om kva me skal endras frå og kva me skal endras til. Me må ta stilling til kva me ønsker skal representera kontinuiteten i lokalsamfunna.
Me må plotta kursen.
Kva for verdiar og kvalitetar skal takast vare på og koma heile gjennom endringsseilaset? Kva skal framleis vera Vårt Ryfylke i framtida?
Dette er grunnleggjande spørsmål som me må stilla for å sikra eit krinslaup me framleis vil trivast med i Ryfylke.
Eg trur at fleire hender på roret gir stø kurs.
Viss me ikkje styrer eiga endring kjem endringa av eigen kraft. Da må me ta det me får. Me vert brikker og ikkje aktørar når endringsbølgjene slår inn. Skilnaden er skute med og utan ror.
All hands on deck?